The Science Musum i London er eitt av verdas leiande museum innan nyskaping, vitskap og teknologi, og museet er følgjeleg aktive samlarar innan desse områda. Museet er i ferd med å oppdatere shippinggalleriet sitt, og konservasjonssjef Jannicke K. Langfeldt, meinte det ville vere flott om museet kunne få med informasjon om siste nytt innan skipsdesign med Ulstein sin X-Bow. Både fordi typen representerer eit nytt design som har vist seg meir sjødyktig og energiskapande enn tidlegare design, og fordi det er den første nye endringa i skipsdesign på lenge. Langfeldt er einaste nordmann ved museet, og ho fekk derfor i oppgåve å ta kontakt med Ulsteinkonsernet. Vi synest førespurnaden var svært artig og interessant, og fann ut at vi ville donere ein modell til museet. Vi valde Bourbon Orca fordi dette skipet var den første med Ulstein X-Bow. Bourbon Offshore Norway og Odim samarbeidde om dette første fartøyet, og samarbeidet held fram: alle tre selskapa spleisar på kostnadene med modellen, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein. I løpet av september blir modellen av Bourbon Orca ein av dei nye attraksjonane i den faste utstillinga til Science Museum.