Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Odd Kåre Wiik, som er avdelingsleiar for drift og anlegg i Ulstein kommune, melder at det etter ei lang kuldeperiode no er så stor frosttapping frå vassverket at dei har problem med å produsere nok vatn.

Vassreinseanlegget går for fullt, men reserven som dei skal produsere til høgdebassenga om natta går no til frosttapping. Dei får for tida ikkje opp att høgdebassenga i sentrum og på Gamleeidet.

Dobla nattforbruk

Wiik kan opplyse om at nattforbruket er no mykje meir enn dobla samanlikna med normalen. Han oppmodar abonnentane til vassverket om å ikkje gjere frosttapping og om mogeleg spare litt på vatnet, så dei igjen får fylt opp bassenga.