Til liks med dei fleste andre kjende Atle Remøy på ei stor smerte då meldinga om terroråtaket mot Norge vart kjend. Han brukte smerta til å lage ein song om tragedien på Utøya Foto: Anne Gry Eilertsen

Songen er på fire minutt, og er spelt inn ved Åmås Audiofarm. I løpet av ei vekes tid blir han lagt ut på iTunes og Spotify.

Skipperen på ringnot/trålaren “Sjøbris” var heime i Ulsteinvik fredag 22. juli. Dei hadde vitjing frå Oslo, og ut på dagen kom meldinga om ei bombe som hadde gått av i Oslo. Snart kom også skrekkmeldingane frå Oslo. Morgonen etter vart det meldt om 80 drepne på Utøya.

- Det var ei sjokkmelding, slår Remøy fast.

For å få utløp for tankane sine leita han fram ein melodi som han enno ikkje hadde sett tekst til.

- Eg tenkte på ungdomane som hadde vore på Utøya, og eg tenkte på dei mange pårørande som enno ikkje hadde fått kontakt med ungdomane sine. Så kom minnemarkeringa på Rådhusplassen som samla 200.000 menneske med roser og stille stemning. Då kom teksta til meg.

Remøy slår fast at det ikkje er så lett å samle så mange tøffe inntrykk i ein låt på fire minutt. Men han vil gjerne gi ein liten smakebit på låten som snart kjem på Spotify:

Med frykt i blikket og den redsle og savn,

og tanken på ikkje nå inn til land.

Tenk deg den redsla

den frykta dei bar

mang ein fortvila mor og far.

Dei tårer du gret

fell som regn mot tak

dess meir du tenkjer

veks det eit større hat.

Saman i kjærleik

over eit langstrakt land

blomane lindrar, gje meg di hand.

Atle Remøy har tidlegare gitt ut tre CD-ar: Kontrast i 1999, På vakt i 2003 og My leading light i 2009. Planen er å gje ut ein ny CD om ikkje så lenge, og der vil truleg også Utøya-songen bli med.

Skipperen på “Sjøbris” av Herøy fylte 60 år onsdag 3. august.

- Viss stemma framleis sig, så har eg litt å gå på i forhold til Leonard Cohen, for han er 77 år no, smiler Remøy.

Han meiner det er greit å fylle 60 år. Det som ikkje er så greit, er at han som fiskar har fått brev om at han har rett til å ta ut sjømannspensjon.

- Den tanken hadde ikkje slått meg før brevet minte meg på det, fortel han.

Han har elles kome fram til at det er nullane som er tunge å bere. På same måte som ein rund stein kan vere vanskeleg å få has på.

Går det som han håper, fyller han neste år 61.

- Eitt-talet er lettare å takle. Det er som ein stake eller ein skistav som er lett å bere.

Om bord i fiskebåtane har dei ofte ein hjelpesmann. Dei siste tre månadene har Atle vore hjelpesmann i heimen. Kona Oddveig har tatt ein operasjon, og Atle har for første gong sett innsida av ein tørketrommel og vaskemaskin.

I det siste har han forresten begynt å lure på om han jobbar tregare enn før.

- Tida går så himla fort, og eg rekk ikkje meir enn ein ting i veka. Mandagen kjem, og så er det bossdag på torsdag. Då rekk eg ikkje meir den veka før det er helg igjen. Og no er det berre 19 bossdunkar att til jul, smiler jubilanten.