Måndag er det skulestart igjen. Endeleg. Sjølv har eg vore tilbake i jobb i to veker. Det er alltid herleg med sommarferie. Fire veker ein kan fylle med sol, reising og kjekke opplevingar med familien. Det er noko eg går og ser fram til. Men jammen er det godt å kome tilbake også.

Det er noko eige med å sove i eiga seng, lage middagen sin sånn ein sjølv vil ha han og rett og slett gjere ting på sin måte. Etter nokre veker med ferie lærer ein seg å setje meir pris på dei små tinga i kvardagen som ein i grunnen er så glad i. Som å «drikke mjølk av eige kjøleskåp», som Olav Stedje syng.

Noko av det første eg heiv meg over då eg kom på jobb etter ferien, var å lese postlister frå Ulstein og Hareid. Andre vil nok gjespe høgt over tanken på å gjere det same, men eg synest det er spennande å sjå kva som rører seg i kommunane. Kanskje gøymer det seg nokre saker her som eg synest lesarane våre bør få vite om? Eg kjenner meg privilegert som har ein jobb eg trivst med.

Men noko eg har vanskeleg for å forstå, er kvifor skuleferien må vere så lang. Åtte veker sommarferie er lenge. I tillegg kjem haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie. Og ein haug med fridagar i mai.

Korleis er det tenkt at me skal fylle alle desse feriane? Ikkje alle skuleborn er gamle nok til å ta vare på seg sjølve. I dag har dei fleste mor og far som er i arbeid. Er det meininga at me ikkje skal ha ferie i lag, men ta ferie på skift for å strekke ferien lengst mogleg?

Heldigvis finst det nokre tilbod som sommar-SFO og sommarkurs, sjølv om her ikkje er så mykje å velje i på Hareidlandet som i større byar.

Før sommaren intervjua eg Lidun Hareide frå Møreforsking Molde som forskar på lesekampanjen Sommarles. Ho fortalde at forsking frå USA viser at elevar som les mindre enn seks bøker om sommaren går tilbake i lesedugleik etter ein sommarferie. Seks bøker er i grunnen ganske mykje. Eg tvilar på at den jamne grunnskuleelev les så mange bøker i sommarferien sin.

Og kva med dei andre faga? Det er nok endå færre born som set seg ned og reknar i sommarferien enn det er born som les bøker. Jau då, noko undervisning kan ein flette inn i ferien, som kor mykje er klokka når me kjem fram, om det er tre og ein halv time igjen å køyre? Og kva om me stoppar ein halv time og et ein is? Og kor mange shopkins-figurar har du råd til for feriepengane?

Ei av dei siste vekene før sommarferien hadde skulejenta mi i lekse å melde seg på Sommarles. Det var ei lekse eg applauderer. Å få små digitale trofé og hente seg fysiske premiar på biblioteket for å lese gjer noko med motivasjonen.

I år sette Sommarles nye rekordar i Ulstein og Hareid. I dei to kommunane er det til saman 578 elevar som er med. Det er bra. Eg håper elevane har hatt mange gode lesestunder i sommar, og at dei held fram med å lese også etter sommaren er over.

For no kan endeleg dei og me vende attende til kvardagen att. Som Olav H. Hauge skriv: «det gjeng an å leva i kvardagen òg.»