Kristian Fuglseth, toppkandidat for Folkelista, trur ikkje ny skulestruktur fører til betre kvalitet i skulen.
Provosert: Kristian Fuglseth reagerer kraftig på prosessen det blir lagt opp til. – Det er eit vedtak som over ei halv side ritar opp ei prosedyre der ein set ned eit administrativt utval som har skulestruktur som første punkt på agendaen. Kva hende med foreldreinvolvering, samarbeid for kvalitet i skulen og ein normal politisk prosess for kvalitetsplanen, spør han og meiner ein heller bør byggje på det som er bra enn å diskutere skulestruktur. (arkivfoto)