- Dette er den siste resten av den vidgjetne Hareidssanden. No kjem ho til å forsvinne, om ikkje vi får stoppa gravinga. Stopp gravinga!, seier Agnes Hareide til Vikebladet Vestposten.

Sandstranda det er snakk om er no regulert inn som ein del av Mylnå industrirområde. I slutten av førre veke var gravemaskiner på plass for å grave ut sanden frå sandstranda, då området skal nyttast til næringsverksemd. Området er eigd av ein av aktørane på Mylnå industriområde, Ulmatec Group.

- Det har ved fleire tidlegare høve vore lova at denne stranda ikkje skulle røyvast. Det som skjer no er moralsk forkasteleg, seier Agnes Hareide.

Hareide fortel om då det først var snakka om å nytte området til næring, tilbake i 2007.

- Folk var i harnisk. Ungdomsrådet engasjerte seg og Natur og Ungdom fekk på kort tid 500 underskrifter.

- Ei perle på indre Hareid

For nokre dagar sidan fekk ho ei trist nyheit, seier ho. Ho fekk vite at maskinene hadde byrja å grave på stranda.

- I min barndom på 1960-talet forsvann store delar av sandstranda i Hareidsvika, grunna politiske avgjersler. Vi har fram til no klart å behalde denne vesle biten, men no kan den forsvinne også, seier Hareide trist.

Då ein stor lokal aktør i Ulmatec etablerte seg på området like ved denne sandstranda, var det med klare føresetnader om at stranda skulle takast vare på, seier Hareide.

- Det blei lova at området skulle oppgraderast til og med. Det er ei strand med sjeldan skjellsand, her er utrydningstruga artar, og her er raudlista oter. Argumentet har vore at stranda har blitt lite brukt, men det meiner eg er for tynt. Med litt opprydning hadde dette blitt ei flott strand, ei perle på indre Hareid.

Stiller spørsmål kring reguleringa

Området det er snakk om er regulert inn i eit næringsområde, noko som var gjort i 2012.

- I 2012 var det omrullering i kommuneplanen, og denne biten blei lagt inn i industriområdet. Det vi ikkje har klart føre oss, og som vi har bedt om svar på, er kva det lovlege vedtaket her er. Dersom dei har alt på det rette, er det likevel sjokkerande at dei gjer eit slikt inngrep. Dette er skadeleg for omdømmet til verksemda som gjer inngrepet, og kommunen, seier Agnes Hareide.

Først av alt meiner Kersti Hasund, lokallagsleiar for Naturvernforbundet på Ytre Søre, at det er ironisk at gravinga på sanden starta same dagen som den internasjonale dagen for naturmangfald blei feira.

- På denne fine dagen byrja dei å grave bort ei slik naturperle. Her har du den siste bestandsresten med strandrug i kommunen, ålegras, som også er sjeldan, og ein har observert oter. Ein raudlista, truga art, seier Hasund og legg til:

- Argumentet til verksemda som eig området er at dei treng ein betre innfartsveg til anlegget sitt. Det er eit for svakt argument. No må belfokninga i Hareid reagere, og kreve stopp i gravinga. Det må finnast ei betre planløysing for å berge stranda, seier Hasund.

Eigar av området må svare

Ordførar i Hareid, Anders Riise (H) fortel at avgjersla om å inkludere sandstranda i industriområdet vart gjort av eit samrøystes kommunestyre.

- Eg kan ikkje seie noko meir enn at området er regulert til industriføremål og grunneigar og tiltakshavar er Ulmatec. Planen var rullert i 2012, og det er eit samrøystes kommunestyre som har godkjent at området skal nyttast til næringsverksemd. Kva Ulmatec nyttar området til må dei svare for, seier Riise.

Vikebladet Vestposten har forsøkt å komme i kontakt med Ulmatec Group, men har ikkje lukkast med dette.