Marvin Nerland hadde arbeidd i Nordsjøen nokre år da han fekk ideen som skulle gjere det enklare å fallsikre lysarmatur. No opplever gründeren eit gjennombrot for det produktet han har teke patent på: Ein kontrakt på over 450 fallsikringspluggar til nederlandske Huisman, som leverer kraner til verdas største offshore semi-submersible crane vessel, Sleipner Heerema.

No vil Huisman sikre alle lys i kranene på Sleipnir Heerema med fallsikringspluggar frå Highlight Secure AS, som selskapet til Marvin Nerland heiter. Gründeren, som no held til på Fiskå i Vanylven, håpar på at Huisman vil bruke denne løysinga vidare på prosjekta sine. Dette er eit produkt som også kan nyttast på land, i tunnelar, hallar og liknande.

Det var i 2012 at Nerland for alvor begynte å arbeide med ideen sin, som var å lage ei festeordning som kunne skruast rett inn i eksisterande ledige hol for kabel. Då blir lyskjelda sikra i sjølve armaturen og vil ikkje stå i vegen for vedlikehald og reparasjonar, slik tilfellet ofte er i dag med meir eller mindre provisoriske sikringsordningar.

Avgjerande med hjelp frå ÅKP, Innovasjon Norge og Vanylven utvikling

Nerland har fått norsk patent på sikringspluggen, og produktet er ATEX- og IECEx-sertifisert til bruk i Ex-soner, der det kan vere eksplosive gassar og stor brannfare.

Samarbeidet med Ålesund kunnskapspark (ÅKP) i Ulsteinvik og økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og Vanylven utvikling har vore avgjerande for å kome i mål med eit ferdig produkt.

Fallsikringspluggen er selt i mindre skala til ei rekke oljeselskap, mellom desse Statoil, Odfjell Drilling, Archer og KCA Deutag.

– Det er mange som har kjøpt, men med denne store ordren på over 450 pluggar håpar eg at dette kan vere det endelege beviset for at fallsikringspluggen er ei god løysing. Dette gir kundane tryggleik for at problemet med fallande gjenstandar er løyst. Det har vore ein lang prosess med mykje arbeid, og det har kosta mykje å komme så langt.

Etter å ha testa produksjon både i Kina og Danmark har Marvin etter ei totalvurdering enda opp hos VP Metall på Raufoss. I Kina ville prisen ha vore betydeleg mindre, men nærleik til produsenten både i utviklingstida og under sertifiseringa har vore viktig for å få dette til.

Kan betre tryggleiken

Å løfte eit produkt heilt fram til marknaden og kundane har vore ein langt meir krevjande prosess enn det den 48-årige oljeelektrikeren hadde sett for seg: – Eg har snakka med mange som har likt ideen, men dei har ikkje vore avgjerdstakarar, smiler Nerland, og legg til:

– Fallsikring av lysarmatur er eit krav i Nordsjøen på alle lys som er monterte i høgda og over rømmingsvegar. Det er gledeleg at også andre aktørar enn oljeplattformer finn dette interessant. Fallsikringspluggen kan brukast for å betre tryggleiken både i tunnelar og industrihallar, sjølv om det ikkje er noko krav til dette enno.

Såg at noko måtte gjerast

Marvin Nerland, opphavleg frå Kvalsvika i Herøy, har vore elektrikar i Nordsjøen sidan 2006. Der har han også eit ansvar for at elektriske komponentar vert sikra i høgda. Han oppdaga at dette ofte ikkje vart gjort på nokon god måte. Han leitte på nettet, men fann inga løysning på sikringsproblemet. Han såg for seg korleis dette kunne løysast. Han tok då kontakt med Innovasjon Norge i 2011, og dei hadde tru på prosjektet og gav han støtte til ein føresjekk på om den løysinga han såg for seg, var patenterbar. Resultatet var ja, og Nerland gjekk i gang med å sikre seg norsk patent.

No står han framfor eit gjennombrot for ei løysning med ein fallsikringsplugg frå selskapet sitt, Highlight Secure.