Anken skal etter planen behandlast i Frostating lagmannsrett 16., 17. og 18. februar. Retten skal halde til i tinghuset i Ålesund.

Saka handlar om fem søsken som har saksøkt kommunane Ulstein og Hareid for manglande hjelp då dei vaks opp med fysisk og psykisk mishandling på 1960-, 70- og 80-talet.

Det er tre år sidan søskena fortalde historia si historie til Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten:

Hausten 2020 behandla Sunnmøre tingrett spørsmålet om søksmålet er forelda eller ikkje. Då domen kom i slutten av november, slo retten fast at krava om erstatning frå dei fem søskena er forelda. Men sjølv om kommunane vann saka, slapp Øvrelidsøskena å betale sakskostnadene til kommunane. Grunngjevinga frå tingretten var at saka er av stor velferdsmessig betydning for alle dei fem saksøkjarane, som har hatt og framleis har problem med å fungere godt i samfunnet.

Dei bestemte seg så for å anke saka vidare i rettssystemet.

Ankesaka vart først tidfesta til august i fjor, men måtte utsetjast på grunn av sjukdom hos ein av aktørane. Det same skjedde då lagmannsretten skulle behandle saka i starten av desember i fjor.

Ifølgje saklista til lagmannsretten har partane dei same advokatane som i tingretten. Mette Yvonne Larsen representerer Øvrelidsøskena, Reidar Andresen er der for Ulstein kommune og Sverre Larhammer representerer Hareid kommune.