Før Ulstein formannskap fordelte pengar til forsamlingshusa i kommunen, delte dei ut ein god del pengar frå næringsfondet.

Mare Safety ønskjer å samlokalisere avdelingane sine i Ulsteinvik. Dei må byggje slipp, flytebrygge og landbrygge for å flytte produksjonsavdelinga si til Ulsteinvik. Kommunen gir dei 150 000 kr i støtte til dette.

Snorrebuda Mat og Vinhus AS fekk etter søknad 24 500 kroner til å utdanne ein sommelier (vinkelnar).

Firmaet Op Nygjerde skal starte opp eit sagbruk med bandsag, og får 37 853 kroner til dette tiltaket.

Tenko As fekk 100 000 kr i støtte til innkjøp av 3D-printar. Dei ønskjer å ekspandere ved å starte produksjon, og då vil ein 3D-printar vere til hjelp.

Brudevoll gard fekk 50 000 kr i støtte til nofence. Ved å ta i bruk denne nye teknologien vil garden utnytte utilgjengeleg beiteområde og forlenge beitesesongen for storfe. Ved denne teknologien vil dei kunne ta i bruk beiteområde der det er vanskeleg å setje opp straumgjerde, noko som fører til god landskapspleie.

Garnes Thai Mat Sirin fekk 30 000 kr i støtte. Pengane skal gå til å utvide lokala, lager og oppgradere parkeringsplassen.

Så vart det gitt 100 000 kr i støtte for å utvikle ein dugnadsportal. DuGir As ønskjer å utvikle ein dugnadsportal som vil gjere det meir effektivt å drive dugnadsarbeid. Dei har laga ein minimumsversjon, men ønskjer å utvikle den.

Alle vedtaka var samrøystes.