I løpet av fredag og laurdag fekk kommunen meldt inn fem nye smitta på åttande trinn. Totalt har det vore 16 smitta på dette trinnet dei to første vekene av året, ifølgje Ulstein kommune.

Det vert difor gjennomført regelmessig testing på ungdomsskulen i åttande klasse dei to neste vekene.

På tiande trinn har det kome melding om éin ny positiv test, og her er det 18 påviste totalt. Utbrotet ser difor ut til å vere over på dette trinnet. På niande trinn har det framleis ikkje kome melding om at nokon har testa positivt.

Også positive på barneskule og i barnehagar

Ved Ulsteinvik barneskule har ein ifølgje kommunen hatt fire positive koronatilfelle, men desse har ikkje vore på skule.

Også i barnehagane har det vore fire positive testar.

Ved Ulstein vidaregåande skule er det meldt om seks positive tilfelle, men dei fleste av desse har ikkje vore på skulen.

I tillegg til desse har 24 andre testa positivt for korona, for det meste nærkontaktar som har vore i karantene.

To av dei 24 er gjestearbeidarar.

Ingen er alvorleg sjuke

– Dette betyr at vi har eit smittetrykk på om lag 1 250/100 000 og er ganske raude, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde i ein uttale i ei pressemelding frå Ulstein kommune.

– Ut frå smittesituasjonen ber vi alle vere på vakt og halde seg heime ved nyoppstått sjukdom – og teste seg! oppmodar ho.

Til no i dette utbrotet har ingen blitt så alvorleg sjuke at dei er innlagd på sjukehus.

I tillegg til det som er rapportert her, har kommunen fått mange positive hurtigtestar i helga. Det kan sjå ut til at sjuande trinn ved Ulsteinvik barneskule no har fleire smitta, og det er difor starta opp regelmessig testing der.