Heilt sidan planane om ein firemannsbustad i Gjerdegata vart kjende, har mange av naboane gjort det klart at dei vil motsetje seg prosjektet. Dei meiner bygningen vil vere eit framandelement som ikkje passar inn i området, både med omsyn til storleik og byggeskikk.

Teknisk utval sa ja

I slutten av juni vedtok Teknisk Utval i Ulstein kommune gi dispensasjon frå plankravet, og gi utbyggaren lov til å bygge ein firemannsbustad i Gjerdegata i Ulsteinvik. Utvalet meinte at utforminga og den visuelle verknaden av bygningen vil vere akseptabel, og la vekt på at det var viktig å etablere sentrumsnære husvære.

Medlemmene Aase Ulla (Venstre) og Oddvar Gjerde (Senterpartiet) røysta mot vedtaket. Ulla meinte bustaden blir for stor og dominerande i høve til nabohusa.

Ankar til fylkesmannen

Tre av naboane til bustadprosjektet har no klaga inn Teknisk utval sitt vedtak til?Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Naboane meiner at deira interesser er vesentleg tilsidesett i vurderinga til kommunen. Teknisk utval har ifølgje klagarane ikkje lagt vekt på dei negative konservane nybygget vil ha for naboeigedommane.

Dei hevdar også at firemannsbustaden bryt med den einskaplege busetnaden i området og verke skjemmande. Dette meiner dei er i strid med plan- og bygningslova.

Tomta firemannsbustaden skal byggast på er ifølgje Sunnmørskart om lag 700 kvadratmeter i areal.

Vil ikkje nekte bygging på tomta

Naboane presiserer i klagen at dei ikkje vil stoppe alle typar bygging på tomta.

– Bygginga må likevel i rimeleg grad ta omsyn til den eksisterande busetnaden i området, og at dei omliggande eigedommane ikkje blir påført varige og unødvendige belastningar eller verditap, heiter det i klagebrevet.

Naboane meiner verdireduksjonen av deira bustader må tilleggjast større vekt enn fortenesta utbyggaren får av å plassere flest muleg bustader på tomta.

Som klageorgan vil fylkesmanen no gjere ei ny vurdering av bustadplanane i Gjerdegata.