Varmen den siste veka av september i år gjorde at september vart årets varmaste månad på Svinøya for andre år på rad.

Årets september låg lenge an til å bli litt kjøligare enn juli, men fredag 29. september og laurdag 30. september målte Meteorologisk Institutt + 18,8 og + 18,1 grader som maksimumstemperaturar og + 15,4 og + 15,0 grader som minimumstemperaturar på øya. Dermed jumpa middeltemperaturen for månaden opp i + 13,9 grader. September må rett nok dele 1.-plassen med juli, som også hadde + 13,9 i middeltemperatur, men det er likevel oppsiktsvekkande at denne målestasjonen på Sunnmørskysten får september som varmaste månad to år på rad.

Temperaturane ute i havet er jamnare enn over land, der nettene er mykje kaldare denne årstida. Som døme kan nemnast at termometeret på Svinøya aldri kom lågare enn + 10,1 grader i september – medan  t.d. målestasjonen ved Ørsta/Volda Lufthamn hadde + 2,8 grader som lågaste september-måling.

NB: Sjølv om haustane kan vere varme her i nordvest, tek vi det som sjølvsagt at oktober blir kaldare enn september. Det er då berre åtte veker til første søndag i advent.