Meteorologisk institutt har måndag sendt ut kulingvarsel for strekninga mellom Måløy og Ona. Frå måndag kveld skal vinden auke på opp i sørvest stiv kuling, og tysdag morgon vil det truleg verte endå kraftigare vind. Då aukar truleg vinden på opp i liten storm på kysten, før vindstyrken minkar til vestleg sterk kuling ut på ettermiddagen.

For dei som ventar på vinteren så kan det verte eit kort møte med den til helga. Frå fredag til sundag melder Yr.no om temperaturar ned mot rundt 0 grader på Hareidlandet og om nedbør fredag som kan kome som snø. Over helga skal vêret verte mildare igjen.