"Her er kaldt i januar", heiter det i barnesongen, men kanskje må visa skrivast om. Så langt i januar har det i alle fall vore temmeleg mildt og mildveret ser ut til å halde fram også komande veke.

Meteorologisk institutt kunne elles melde om plussgrader over heile landet i dag tidleg.

I følgje Yr.no kan det her hos oss verte temperaturar rundt 10 grader onsdag og torsdag og prognosane går ut på at gradestokken vil halde seg godt over nullpunktet resten av månaden. Det er vind frå sørvest som har mildvéret med seg.

Det er likevel eit stykke att til temperaturane i Tafjord den 28. januar 1989. Då vart det nemleg målt heile 17,9 grader.

Kaldt i fjor

Januar i fjor var derimot av den meir kjølege slaget der månadstemperaturen for heile landet låg 1,4 grader under normalen.

Vi forventar at januar og februar skal vere dei kaldaste vintermånadane og ein grunn til dette er at havet rundt oss vert nedkjølt relativt seint. Det fungerer som eit varmemagasin der minimumstemperaturen vert nådd først rundt ein og ein halv månad etter årets kortaste dag.