Måndag 1. september tek hjortejakta til på Hareidlandet. Jakta har ifølgje landbrukskontoret ei varigheit fram til 23. desember.

Under årets to hjorteteljingar, 12. april og 5. mai, gjekk talet på talde dyr ned under andre teljing. Frå 86 til 77 i Ulstein, og frå 121 til 115 i Hareid. Totalt for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre gjekk talet på talde dyr ned frå 3104 til 2276.

Landbrukskontoret meiner dårleg vêr under andre teljing kan ha påverka talet på dyr.

I Hareid kommune er det tildelt totalt 174 dyr for 2014, medan det i Ulstein er tildelt 140. I Hareid har fire vald bestandsplan, medan seks vald ikkje har det ifølgje Hjorteviltsregisteret. I Ulstein er det tre vald med bestandsplan og sju utan.

Hareid 2013:

ValdTildelt totaltFelt totalt
Hareidsdalen6054
Hjørungavåg5044
SKAU2517
Nakkane2325
Håbakk10
Hovledet31

Ulstein 2013:

ValdTildelt totaltFelt totalt
Flø4131
Ulstein/Skeide176
Vik/Hofset43
Ringstaddalen2618
Garnes50
Hasund/Strandabø62
Dimnøya1410
Garshol/Botnen40
Eiksund2023
Osnes30