Audun Røren var blant dei tilsette i salen under seansen på kantina på Kleven Verft måndag, og han var den modige som fekk ei ekstra hyggeleg overrasking frå sjølvaste Petter Stordalen.
Audun Røren stilte eitt enkelt spørsmål og blei ein hotellweekend rikare. Røren meiner at Petter Stordalen og Hurtigruten som nye medeigarar i konsernet er positivt. – Berre kollegaene mine og eg får halde på arbeidsplassane våre, er eg eigentleg ikkje så opptatt av kven som er medeigar i Kleven. Men det skal seiast, Petter Stordalen er nok blant dei beste vi kunne fått inn, trur eg. Han brenn heilt tydeleg for sine tilsette, seier Audun Røren. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.
Foto: Ole-Ottar Høgstavoll