Det er likevel færre kvinnelege politikarar i Møre og Romsdal enn i resten av landet, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunen presenterer no tala for representasjonen i kommunestyre, basert på opplysningar frå Statistisk sentralbyrå.

Av totalt 735 valte representantar til kommunestyra i Møre og Romsdal i 2023 var 271 kvinner.

Dette er prosentvis ei lita auke frå 2019. Da var det 760 valte representantar og av dei var 277 kvinner. Dette gir ei ending frå 36,4 til 36,9 prosent. Møre og Romsdal er litt under landssnittet som er på 40,7 prosent.

Etter det siste kommunevalet i 2023 er no nær 37 prosent av landets ordførar kvinner, ein auke på 1,3 prosentpoeng frå kommunevalet i 2019.

I Møre og Romsdal er det no 9 kvinnelege ordførarar mot 10 i 2019. Blant varaordførarane er det 10 kvinner i 2023 mot 9 i 2019.

Eldre menn er overrepresentert

Alderssamansetjinga har også endra seg frå 2019 til 2023. Den gruppa med størst representasjon i kommunestyra i Møre og Romsdal i 2023 var menn i alderen 60 år eller eldre. Dei utgjorde 23,4 prosent av kommunestyra.

Gruppa med lågast prosentdel var kvinner mellom 18–29 år. Dei utgjorde 2,2 prosent av representantane.

Erica Ruiz Solhjem vart valt inn i Ulstein kommunestyre då ho var nitten år. Foto: Linda Eikrem
Kristine Utgård Rolfsrud er den yngste av dei folkevalde i Hareid. Ho var atten år då ho vart valt inn i kommunestyret. Foto: Linda Eikrem