Då må du vente litt.

Årsaka er at distribusjonen er forseinka- etter at det har vore innstilte ferjer i sambandet Sulesund-Hareid.

Sambandet var innstilt frå klokka 22.45 torsdag til klokka 04.00 i dag,

Ifølgje Polaris Distribusjon skal dei fleste rutene vere ferdige før klokka 10.00.

Men på Dimnøya vil nok klokka bli rundt 11.30 før alle avisabonnentane har fått dagens utgåve.