– Vi ser mykje fint når vi går på stranda – men dette var noko vi festa blikket ved. Vi stoppa og tok bilde av det – men då nokon av oss såg etter skjella seinare var dei vekke, seier Cecilie Bjørnerem-Brandal.

Som fortel at badedamene har diskutert funnet i ei felles chattegruppe – og altså etter kvart funne ut at det måtte vere andeskjell dei hadde funne. I tillegg såg dei at skjella hadde festa seg på det som såg ut som ein sko.

– Vi får håpe det berre er nokon der ute i verda som har vore uheldige og mista den på sjøen, seier Bjørnerem-Brandal.

Som var glad for at ho foreviga funnet før det forsvann.

Andeskjell er eit krepsdyr som lever i Middelhavet, Atlanterhavet og Nordsjøen. Det kan også finnast i Østersjøen, og det er også funne eksemplar på Spitsbergen og Grønland.

foto
Langvegfrå: Skoen med andeskjella på har truleg kome langvegsfrå meiner Nils Roar Hareide, fiskeribiolog og dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Foto: Cecilie Bjørnerem-Brandal.

– Har kanskje kryssa Atlanterhavet

– Nøyaktig kvar denne skoen kjem frå opphavleg er det nok umogleg å vite – men at den har kome langvegsfrå er ganske sikkert, seier Nils Roar Hareide, fiskeribiolog og dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, til Vikebladet Vestposten.

Han avkreftar at andeskjell er svært sjeldan å finne på norske strender – men han fortel samstundes at det ikkje er noko ein finn så alt for ofte.

– Andeskjella høyrer ikkje heime på våre kantar – dei formeirar seg i tropiske farvatn, seier Hareide og held fram:

– Dei festar seg gjerne på rask og rusk som driv i sjøen, eller båtar – og dei som damene har funne her har kanskje kome hit med den varme Golfstraumen – moglegvis heilt frå Mexicogolfen. Det er ikkje usannsynleg at skoen kan ha kryssa Atlanterhavet – som jo må ha tatt litt tid.

Ein liten "funfact" til slutt – i land som Spania og Portugal blir andeskjell rekna som ei delikatesse.