Mange kjenner truleg Kari Jaquesson gjennom TV2-programmet God Morgen Norge.

Laurdag var ho i Ulsteinvik for å halde eit trimshow midt inne på Blåhuset.

Med mange god medhjelparar synte Jaquesson fram ulike danseøvingar som forbipasserande kunne ta del i, om dei sjølv ønskte det.