På Hareid vart det feira 17. mai på same måte som dei siste åra. Toget starta ved rådhuset og gjekk opp Drammensvegen. Så stoppa toget ved Hardartun, der det vart spelt korpsmusikk og sunge nasjonalsongen. Toget gjekk ned igjen til sentrum og fram til Hareid stadion. Der heldt ordførar Anders Riise ein liten tale før speaker Kenneth Moldskred leia dei mange frammøte gjennom 17. mai-leikane. Det var matsal både på klubbhuset, ungdomsskulen og bedehuset.