Ein bilførar måtte gi frå seg førarkortet etter eit trafikkuhell på fylkesveg 654 ved Tjørvåg onsdag ettermiddag, melder politiet. To bilar var innblanda i uhellet der den eine bilen skal ha køyrt i den andre bakfrå.

Politiet opprettar sak på forholdet.

Det oppstod bensinlekkasje i samband med samanstøyten, noko som vart tatt hand om av brannvesenet. I tillegg vart to personar sendt til sjekk hos lege.

Trafikken vart eit stund dirigert manuelt ved ulukkesstaden då den eine bilen vart ståande i vegbanen.