Det er venta aukande snøskredfare i inngangen til påskeveka. I ei pressemelding frå Norges vassdrags- og energidirektorat blir snøskredfaren vurdert til 3 - eller betydeleg både måndag og tysdag.

- Kraftige snøbyger kombinert med kuling frå nordvest vil gjere at det i løpet av kort tid vil legge seg opp tjukke nysnøflak. Dette vil gje raskt aukande snøskredfare, seier Karsten Müller, vaktleiar i Snøskredvarslinga.

Han oppmodar skiløparar om å velje konservative vegval, og til å følgje med på utviklinga i snøskredfaren på nettstaden Varsom.no.

Det er venta nedbør som regn på Hareidlandet dei komande dagane, men i høgda vil dette truleg kome som snø. Ifølgje Yr.no får ein truleg det beste påskevêret inn i sjølve påskehelga, då det er meldt opphaldsvêr, ein del sol og lågare nattetemperaturar.