Det var 18. juni 2009 at Ulstein kommunestyre godkjende reguleringsplanen for Holsekerdalen i Ulsteinvik. Dette er ein dal som munnar ut i Sauneselva. Ein del areal i dalen er nytta til landbruksformål, og noko hadde framleis status som landbruksareal i den nye reguleringsplanen. Ifølgje sakspapira ervervar kommunen ca. 76.2 dekar frå 21 eigedommar.

Ulstein kommune kom med eit prisforslag for å løyse saka. Grunneigarane meinte beløpa var for låge. Dermed gjekk saka til tingretten.

Retten legg til grunn at grunneigarane har krav på full erstatning for økonomiske tap dei er anslått å bli påført i høve arbeidet i Holsekerdalen.

Opp til 550 kroner

Grunneigarane sin advokat la fram prisdøme som viste at det er betalt mellom 800 og 1000 kroner per kvadratmeter for byggjeklare einebustadtomter i og rundt Ulsteinvik sentrum. I nokre spesielle høve har prisen komme opp mot 1300 kroner. Etter justeringar med tanke på utgifter for tekniske anlegg sit ein att med ein råtomtpris som skal erstattast på høvesvis 550 og 350 kroner per kvadratmeter, ut frå kor sentrumsnære og attraktive dei ulike eigedommane er.

– Balansert, meiner Berset

3. juli bestemte Sunnmøre tingrett at Ulstein kommune må betale erstatningar til dei eigarane av dei 21 eigedommane. I tillegg må kommunen betale sakskostnader på 160 791 kroner.

– Formannskapet og kommunestyret må bestemme om dette er noko vi skal gå vidare med, og eventuelt anke. Eller om vi skal godkjenne prisane slik retten har bestemt. Så opp i det heile har berre eg éi stemme. Men min umiddelbare reaksjon på dommen er at han ser fornuftig og balansert ut, seier ordførar Jan Berset til Vikebladet Vestposten.

– Høgt prisnivå

Han registrerer samtidig at prisnivået i Ulstein kommune etter kvart har blitt høgt, spesielt for dei sentrumsnære tomtene.

Det største erstatningsbeløpet Ulstein kommune må ut med for éin eigedom er nærare tre millionar kroner. Det lågaste er på i underkant av to tusen kroner.

Beløpa er ifølgje rettspapira baserte på skjønn etter takst. Det er advokat Bjørn Kristian Hove som har køyrt saka for dei 21 grunneigarane.