Auken i vald mot barn kjem fram i ein rapport for 2. tertial 2016.

- Vi ser ein klar aukande trend på meldingar som går på vald mot barn, står det mellom anna i rapporten.

Barneverntenesta tok imot 87 nye meldingar i perioden frå 1. januar til 31. august i år. Ingen av desse sakene var av ein slik karakter at dei kunne leggjast bort.

- Per dato har vi 71 pågåande undersøkingar. I 10 av desse har vi gått utover fristen på tre månader, noko som gir ei overskriding på 7,1 prosent. Ved utgangen av juni  sette vi oss som mål å kome under 10 prosent i løpet av året, så her er vi rimeleg nøgde, skriv Solvang.

Meldarar

Det er politiet som oftast melder til barneverntenesta. Dette fordi politiet rutinemessig sender melding når dei opprettar ei sak der foreldre med mindreårige barn er involverte.

Elles dominerer meldingar frå foreldre, eller frå barn sin utvida familie. Skulane melder også ofte. Alt dette er i samsvar med landsgjennomsnittet.

- Men vi undrar oss over fråværet av meldingar frå PPT, psykiatrisk helseteneste, og det vi vurderer som ei underrapportering rå helsestasjonane.

Barnevernet erfarer at det stadig kjem nye krevjande saker der det bør vere to aktive sakshandsamarar som følgjer opp.

- Vi opplever også stadig større press frå foreldre som vil filme eller ta opp samtalar med barnevernet, der vi også vert eksponert og lagt ut på ulike sosiale medium, opplyser Solvang