Ulstein Venstre, ved Pål Grødahl, fremjar ei sak for Ulstein kommunestyre om hyppigare avgang med ferjer mellom Hareid og Sulesund. Ulstein kommunestyre er samla til møte torsdag 30. oktober, og då oppmodar Venstre dei til å vedta denne uttalen:

Ulstein kommunestyre krev tre ferjer på sambandet Hareid-­Sulesund.

Ulstein kommunestyre vil på det sterkaste tilrå at det vert sett opp ferjer kvart tjuande minutt i sambandet Hareid­–Sulesund.

Kommunestyret oppmodar fylket til å gå inn for dette snarast samt å arbeide inn i mot regjeringa for å få ei auking i midlane til sambandet. Medan

vi ventar på HAFAST så må vi få ein høgare frekvens på ferjeavgangane på Hareid–Sulesund. Kommunen vil ha 3 ferjeavgangar på dagtid frå klokka 07.00 fram til klokka 18.00. Kommunestyret føreset også at avgangane på kvelden frå klokka 18.00 vert kvar halvtime fram til klokka 22.00.

Trafikken over Sulesund aukar. Personbileiningar har auka dramatisk etter at Eiksundsambandet blei bomfritt. Det er ikkje alltid dei store ferjene greier å ta unna trafikken i presstida. Resultatet er fleire og fleire attståande bilar. Det er viktig for folket og næringslivet på ytre Søre at vi opnar opp mot Ålesundsregionen med gode samband slik at fjorden ikkje blir eit hinder for at folk kan bu i Ålesund og arbeide her – eller omvendt.

Kommunestyret ber fylkesrepresentantane om å ta oppmodinga med i prioriteringane ved planlegginga for ferjesambanda. Det er et sterkt ønskje om at Fylkestinget saman med kommunane kan setje krav til sentrale styresmakter om at sambandet blir utvida til tre ferjer. Ulstein kommune ser gjerne at det blir gassferjer evt., elektrisk drivne ferjer for å bruke minst mogeleg forureinande drivstoff. Kommunestyret ber om at vedtaket blir sendt til fylkets samferdselsavdeling og Fylkesutvalet.