Vi opnar for ei ny runde med lesarfoto på Vikebladet.no. Konkurransen, som mange har delteke i sidan oppstarten i januar, har resultert i at sju personar har sikra seg eit flott Vikebladet Vestposten krus med påskrifta "Månadens lesarfoto". August er ein interessant månad med variert vêr der det er sjans til å sikre seg gode motiv. No ynskjer vi flotte bilete, der folk og månaden er godt representert.

I tradisjonen tru, vel vi ein vinnar i slutten av månaden som sikrar seg eit vinnarkrus.

Ditt beste bilete sender du til vår faste fotoadresse, lesarfoto@vikebladet.no. Hugs namn på fotograf, namn på dei som er på biletet og kvar biletet er teke. Lukke til.

PS! Nokon har merka seg att bilete har blitt strekt og endra ljos på. Dette er sterkt beklageleg, då verktøyet som legg inn bilete i nettavisa ikkje tilpassar bileta slik dei faktisk er. Dette er noko vi jobbar med å få i orden. Mellombels prøvar vi å få lagt inn bileta manuelt, slik at det ikkje skal gå ut over faktisk utsjånad.