Truleg blir flagget heist på rådhuset denne dagen.
Hareid kommune har vore på Robek-lista i heile 14 år. Bortsett frå Sykkylven, er det ingen andre kommunar i Møre og Romsdal som har vore på Robek-lista så lenge som Hareid.
– Det har vore ein lang kamp og mange forsakingar er gjort for å kome oss ut av lista, men no er vi straks i mål, kommenterer ordførar Anders Riise.
Å vere på Robek-lista inneber at kommunane må ha godkjenning frå Fylkesmannen før investeringar blir gjort.
– Det skal bli godt å kome seg ut, men økonomien er likevel stram og vi kan ikkje bli lausslupne, kommenterer Riise.