Dei 60 damene i Loge Syn i Myrvåg arrangerer loppemarknad til inntekt for ny redningsskøyte i Idar Ulstein-klassen.
Magnhild Ertesvåg (t.v.) og Ingebjørg Eidheim Ulstein held her nokre av dei mange tinga ein kan sikre seg på loppemarknad på Logesenteret i Myrvåg førstkomande laurdag. Inntektene går uavkorta til den norske Odd Fellow Ordenen sin landsaksjon om bygging av ei ny redningsskøyte i Idar Ulstein-klassen.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.