28. april 2017:

Det er fredag morgon på asylmottaket på Hareid. Seksten år gamle Ali har akkurat starta på frukosten: ein tallerken med spagetti. Brått kjem to av dei tilsette på mottaket inn på kjøkenet.

–Hæ?, tenkjer Ali, kva er det som skjer? Kvifor er dei to?

Afghanistan

Ali vart fødd i Ghazni-provinsen i Afghanistan. I barneåra opplever han at begge foreldre vert drepne.

–Eg hugsar ikkje kor gamal eg var, men eg fann foreldra mine døde ein dag eg kom heim, fortel han.

Ein onkel tek over omsorga for guten, som ikkje får gå på skule og heller ikkje lærer å lese og å skrive.

Ni år gamal flyktar Ali frå Afghanistan.

28. april 2017:

Dei to tilsette på mottaket på Hareid stiller seg framfor sekstenåringen.

–Kvifor er du ikkje på skulen?, spør dei.

–Viss eg får opphald, skal eg sjølvsagt gå på skule og lære meir norsk, svarer Ali.

Iran

Ni år gamal kjem Ali til Iran. Som illegal innvandrar har han ingen rettar i landet. Etter seks år der, bestemmer Ali seg for å flykte.

Han kjem til Noreg i desember 2015. Etter nokre månader på Haslemoen transittmottak i Hedmark flyttar han i februar 2016 til Hareid. Han går først nokre veker på ungdomsskulen, før han får norskkurs på Ressurssenteret.

28. april 2017:

–Så du skal gå på skule viss du får opphaldsløyve?, spør dei to frå mottaket.

- Ja. Ali ser at han vert filma av ein av dei andre tilsette.

–Kvifor filmar dei meg?, tenkjer sekstenåringen.

Tunge dagar

Ali har ikkje orka å gå på skule på Ressurssenteret sidan november. Hendingar i barndomen og situasjonen på mottaket gjer livet vanskeleg.

–Eg sov dårleg og hadde mareritt. Og så var det nesten ingen på mottaket som fekk opphald, seier han.

28. april 2017:

–Gratulerer, du har fått opphald!

Orda frå dei tilsette er knapt til fatte. Ali tek til tårene.

–Eg vert veldig, veldig glad! Eg kan nesten ikkje tru at det er sant.

Han klemmer dei tilsette etter tur.

Ein ny Ali

–No skal eg starte på skule igjen, med ny energi, fortel Ali då lokalavisa møter han nokre dagar etter at han fekk den gledelege beskjeden. Då han kom til Hareid kunne han verken lese eller skrive.

No snakkar han svært godt norsk- ordforrådet er stort og setningsbygningen nesten perfekt.

–Vi trur at Ali har ei ekstrem evne til å lære språk, seier Marianne Breivik, som er særkontakten hans på mottaket.

28. april 2017:

Ali spring ut til dei andre gutane på mottaket.–Eg har fått opphald, eg har fått opphald, kom hit, gutar!, ropar han til dei andre.

Han viser dei brevet frå UDI, slik at dei skal tru på han. Brevet som provar at Noreg trur på det han har fortalt.

Framtida

No torer sekstenåringen å legge planar for framtida. Denne veka var han tilbake på skulen.

–Draumen min er å verte pilot, skodespelar, kickboksar, snookerspelar og å hjelpe asylsøkjarar, fortel han til Vikebladet Vestposten.

Har du ikkje sett videoen av Ali som får beskjed om opphaldsløyvet? Då kan du sjå den her:

i solveggen: Ali Mirzaei har ein god tone med Marianne Breivik, som er særkontakten hans på asylmottaket på Hareid.–Ali spør ofte om hjelp til å lære norsk, seier Breivik. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
Ali bur på mottaket på Hareid. Foto: Linda Eikrem
Etter å ha vorte intervjua tre gongar av UDI, fekk han opphaldsløyve.–Målet mitt er å vere eit godt menneske, seier Ali. No ventar han på å verte busett i ein kommune. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem