Under møtet i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune onsdag la Frank Sve (Frp), Charles Tøsse (H) og Randi W. Frisvoll (KrF) fram eit ønskje om å få på bordet ei sak om ferjeproblematikken på Hareid-Sulesund til neste møte i utvalet som er 10. november.

I møteprotokollen frå Samferdsleutvalet blir det lagt opp til ei løysing med tre ferjer på sambandet. Administrasjonen i fylkeskommunen skal leggje fram ei sak til det neste møtet i Samferdsleutvalet, slik at det også kjem før fylket skal inn i budsjetthandsaming i desember.

Kurva peikar feil veg

Ordførar Anders Riise (H) i Hareid kommune var på plass i Molde under møtet i Samferdsleutvalet og han er svært positiv til at det vart teke initiativ frå politikarane om å få på plass tre ferjer, spesielt sidan innstillinga frå administrasjonen var å sjå an saka.

– Det ville vere for defensivt, men no vil politikarane ha konkrete tal på bordet. Det vi ser på trafikkutviklinga er at det blir meir og meir attståande bilar, og kurva for oktober peikar oppover, seier Riise.

Ordføraren er også glad for at saka skal fram for utvalet att før budsjettet skal handsamast.

– Det er det andre viktige. Då får ein god tid til å rydde plass i budsjettet, og då går det på viljen hjå fylkestinget.

Kan vere vekstskapande

Riise fortel at det ikkje var sagt noko om kva tidsperspektiv ein snakkar om før det kan vere aktuelt å få på plass ei ferje ekstra.

– Det kan gjerast enkelt, eller det kan gjerast vanskeleg. Det spørst kor tydelege ein er i bestillinga.

Med tre ferjer på plass på sambandet Hareid-Sulesund kan ein få avgangar kvart 20. minutt i staden for kvar heile og halve time.

– Då får ein betre tid til lossing og lasting. Slik ferjesituasjonen er no så er den veksthemmande, med tre ferjer kan den i staden vere vekstskapande, seier Riise som slår fast at han er glad for at han tok turen til Molde.