Mai er ein månad som kan bu på fleire flotte motiv. Sjølv om vêret så langt ikkje har synt seg å vera av det beste slaget, går det likevel heilt fint å ta bilete i ruskevêret.

Til våre fotokonkurransar ynskjer vi bilete som speglar att månaden korleis den faktisk er. Så send gjerne inn ditt beste bilete.

Det er også Noregs nasjonaldag 17. mai. Kanskje ei fin anledning til å sikre seg eit vinnarmotiv?

Stor pågang

Sidan januar har vi arrangert fotokonkurranse for våre lesararar. Konkurransen har synt seg å vera populær, då vi har fått inn masse bilete frå fjernt og nært.

Så langt har fire personar sikra seg eit flott Vikebladet Vestposten-krus med påskrifta "Månadens lesarbilete". Desse er Trond Hovland frå Leikong, Kjetil Dimmen og Cecilie Pedersen Andersson frå Dimnøya og Monica Kjelsli frå Nerlandsøya. Kanskje du er den heldige som stikk av med neste krus? Då må du huske å delta.

Send inn ditt beste

For å kunne delta på konkurransen treng du berre å sende inn ditt beste bilete til lesarfoto@vikebladet.no. Hugs å skrive i mailen kven som har teke biletet, og kor det er teke. Vi legg biletet ditt ut i biletserien her så snart vi har anledning. Vinnaren av konkurransen vert trekt i slutten av månaden, eller i byrjinga av juni.

Vikebladet Vestposten ynskjer lukke til.

Månadsvinnar mars: Cecilie Pedersen Anderson
Månadsvinnar februar: Kjetil Dimmen
Trond Hovland frå Leikong vann fotokonkurransen for januar.