Fjelle i Ulstein har lett tilkomst både frå Hareideidet og Haddal.

Frå Hareid eller Ulsteinvik svinger du av på toppen av Hareideidet og inn på "gamlevegen". Midtvegs på gamlevegen møter du eit kryss som tek deg vidare forbi bossanlegget og opp nokre knappe svingar.

Kjem du frå Eiksund eller Haddal er Ringstaddalen forbi hyttefeltet på Løset lettaste tilkomst. Men om det er snø i lufta, kan det vera ein ide å parkere ved den siste garden på Fjelle. Der møter du nemleg eit skilt som fortel at det er slutt på brøyta veg.

Fleire bilar har køyrd over dei siste solskinsdagane. Difor er det no fullt mogleg å køyre heile stykket frå Hareideidet og over til Haddal. Djupe spor i snøen, svake kantar og telehiv er stikkord som avgjer om bilen din er eigna til å køyre over. Vær varsam.

Fjelle og Løset gir tilkomst til blant anna fjelltoppane Garnestua, Flåna, Hasundhornet og Høgebrua for å nemne nokon.