For første gong på mange år har det i år vore endringar i staben i lokalavisa. Kristin Linge slutta i sommar, etter å ha vore marknadskonsulent her i sju år. Ho vart erstatta av Stine Moltu frå Fosnavåg, som no jobbar som medierådgjevar både for Vestlandsnytt og Vikebladet Vestposten.

I år sette vi også i gang ei heilt ny satsing, saman med Vestlandsnytt og Møre-Nytt. I august starta Lisa Bendal, også ho frå Fosnavåg, i jobben som videojournalist i SøreTV. Det ho lagar kan du sjå på vikebladet.no og på nettsidene til dei to andre avisene.

Vi som arbeider i Vikebladet Vestposten ønskjer lesarar og annonsørar ei fin jul. Vi takkar hjarteleg for samarbeidet som gjer det mogleg å drive lokalavisa. Håper de vil vere med oss også inn i 2023!