— Det er kvaliteten til prosjekta og kvalifikasjonane til kandidatane som tel ved tilsetting, så vi har ikkje bevisst satsa på å auka telet på kvinnelege stipendiatar, seier rektor ved Høgskulen i Volda (HVO), Odd Helge Mjellheim Tonheim til Khrono.

Eli-Karin Sjåstad Åsebø var ei av kvinnene som fullførte ph.d.-løpet sitt ved HVO i 2023. Ho trur det kan vera tilfeldig at så mange kvinner fullførte akkurat i fjor.

— Først og fremst tenkjer eg det er veldig godt å sjå at dei som byrjar på ei doktorgrad fullfører uavhengig av kjønn, seier Sjaastad Åsebø til Khrono, og peikar på tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at fordelinga på landsbasis når det gjeld kjønn og fullføring av doktorgrad dei siste åra har lege på rundt 50 prosent.

Per i dag har Høgskulen i Volda ei overvekt av kvinnelege stipendiatar.

— Delen er no på like i underkant av 70 prosent. At heile seks kvinner har disputert i 2023, er vi stolte over. Det er svært gledeleg at så mange unge kvinner kjem i mål med prosjekta sine, seier rektor Odd Helge Mjellheim Tonheim.

Han legg til at HVO har hatt ei overvekt av menn i professor- og dosentstillingar, men at det stadig blir jobba for ein betre kjønnsbalanse.

Jan Ove Ulstein var den einaste mannen som disputerte ved HVO i fjor. Dei seks kvinnene er Elisabeth Busengdal, Anne Natvig, Eivor Finset Spilling, Ingeborg Katrin Lid Berget, Ingeborg Berg Skogen og allereie nemnde Eli-Karin Sjåstad Aasebø.