Den kalde perioden vi har hatt den seinaste tida har ført til flott skeiseis på mange vatn på Hareidlandet. Som biletet over viser var det eit yrande folkeliv på Grimstadvatnet laurdag.

Og folk gjer truleg rett i å utnytte dei gode forholda medan ein har dei, for utover i veka kan det sjå ut til at mildvêr vil gjere sitt for å setje ein stoppar for isen for denne gong.

Finvêret skal vare nokre dagar til, men ifølgje Yr.no skal temperaturane stige jamnt og trutt utover i veka, og vi kan få temperaturar opp mot åtte plussgrader. Truleg blir det framleis ganske kaldt om natta, men inn mot neste helg kjem truleg også nedbøren inn over Hareidlandet, og då som regn.

Gjeld å vere forsiktig

Sjølv om det no har blitt svært fine forhold for å kome seg ut på skeiser, så gjeld det også å tenkje seg litt om. Det er ikkje alle vatn som er like trygge og Vikebladet Vestposten har mellom anna fått tips om at ein bør unngå å gå ut på til dømes Lisjevatnet og Mosvatnet, sidan begge desse vatna kan vere svært farlege.

Ein erfaren fjellvandrar har kontakta lokalavisa og ber folk om å tenkje seg om før dei legg ut på skeiser eller isfiske på vatn som ein ikkje veit er trygge.

Om det skulle bli så høge temperaturar som meteorologane melder om, opp mot 7-8 plussgrader, så vil det vere dårleg nytt for skisentera i området. Mangel på snø har ført til mange stengte anlegg, men mellom anna Ørsta skisenter har brukt kuldeperioden til å produsere kunstsnø. Der håpar ein på å få opna deler av hovudtraseen til kveldskøyring den komande veka. I Hornindal er det ope 800 meter av traseen.

Har du fått prøvd skeiseisen dei siste dagane? Send oss gjerne eit bilete til redaksjon@vikebladet.no