Brevet blir sendt ut frå kommunane til dei vaksne i løpet av denne veka.

I Ulstein og Hareid er det politikontaktane, politistasjonssjef Hilde Sæter og politiførstebetjent Henrik Vikebakk Sandstad, som frontar sommarhelsinga.

I brevet blir foreldre oppmoda om å følgje opp borna sine ved å ha trygge rammer også når det er skulefri.

Dei kjem med følgjande informasjon og råd til foreldre/føresette:

– Ta telefonen når den ringer, også om natta. Faste innetider, avtalar om mobilbruk og reglar om festing/alkohol/rus kan vere til hjelp for born og unge. Ver tilgjengeleg og lag avtalar med andre foreldre om henting.

– Ver til stades der borna møtest. Til dømes er skular og barnehagar attraktive plassar å vere på om sommaren, og politiet får stadig meldingar om skadeverk og forsøpling. «Lediggang aukar sjansen for å oppsøke spenning gjennom rampestrekar, eller verre, gjennom ulovleg åtferd», skriv politiet i sommarbrevet. Dei gir også eit generelt tips til vaksne: «I tilfeldige møte med born og unge er det fint når de som føresette slår av ein prat, er imøtekomande og hyggelege, heller enn hastige, mistenksame og konfronterande.»

– Politiet opplever at det er ei haldningsendring og ein del misforståingar når det gjeld kva som er lov og ikkje lov når det gjeld narkotiske stoff. I brevet presiserer politiet difor at kjøp, sal, oppbevaring og det å ha med seg narkotiske stoff, er straffbart.

Sæter og Sandstad ønskjer alle i Ulstein og Hareid ein god sommar, og ber føresette ta kontakt viss dei kjem borti noko uheldig eller kriminelt.

– Vi ønskjer å vere eit politi det skal vere lett å kome i kontakt med, seier dei.