I ei heilt spesiell galleriframsyning i Hareid sentrum laurdag, kunne folk møte fram for å sjå elevane ved Hareid kulturskule, lina for visuell kunst, sine flott evner. Hareid kunstlag ville gjera stas på dei som vel denne retninga, og opna difor dørene til eit lite intimt galleri fylt med kunstverk av elevane for femte året på rad.

Inviterte til rådhussalen

Ordførar Anders Riise fekk den store æra med å opne årets kunstutstilling frå Hareid kulturskule – i eit samarbeid med kunstlaget.

Riise beit seg i merke at lokalet på ytre Hareid er i det minste laget, og inviterte difor kulturskulen til galleriframsyning i rådhussalen til neste år.

– Det er utruleg kjekt og motiverande for elevane at ordføraren kjem å opnar ei slik utstilling. Det set vi veldig stor pris på. Og tilbodet frå ordføraren kjem vi heilt sikkert til å nytte oss av, fortel kunstlærar Kristine Hareide med eit smil.

På berre eit par timar hadde om lag 100 menneske vore innom dørene. Då utstillinga opna klokka 12 laurdag, var det smekkfullt inne i det vesle galleriet.

– Her får besøkjande sjå kunstverk frå 48 elevar ved kulturskulen. Elevane har berre fått flotte attendemeldingar på det dei har laga. Så dei er både stolt og kry, fortel Hareide.

Rikt på variasjonar

På alle vegger hang flott måleri, flesteparten måla i akryl. I tillegg hadde nokre av elevane laga ulike andlet i leire, som i etterkant hadde blitt behandla med varme.

Kunstverka spegla att ulike religionar og kulturar, og var samstundes imitert av andre norske kjende kunstnarar.