Møre og Romsdal fylkeskommune varslar at dei skal skal utføre skifte av stikkrenner langs FV61. Strekninga det gjeld er frå toppen av Drageskaret og ned til Larsnes sentrum.

Arbeidet startar opp 1. juni og varer i om lag ein månad.

Under arbeidet vil dei stenge eitt køyrefelt, og reisande må rekne med å vente inntil 15 minutt før dei får køyre. Trafikken vil bli regulert av trafikklys.

Arbeidet vil pågå heile døgnet. Dersom dei treng å stenge heile vegen vil dei gjere det på natta.