Vikebladet Vestposten møtte den Ulsteinvik-busette stryningen Svein-Are Brynestad til ein prat på hotellet – som han blei ny sjef for i starten av januar. Han tok då over stafettpinnen etter Erik Mathias Lystad – og eit hotell som hadde mista mykje av det som skulle gi dei omsetning.

– Desember var jo eigentleg meint å bli ein svært god månad for oss – med mange bestilte rom, julebord og diverse arrangement. Så kom dei ytterlegare koronainnstrammingane frå sentralt hald i midten av månaden – og alt forsvann. Naturlegvis lurte ein på kva ein skulle gjere no, men heldigvis har vi ei svært oppegåande leiing i Nordic Choice Hotels – som gjorde det dei kunne for at dei tilsette skulle ha arbeid å gå til likevel, seier Svein-Are Brynestad.

Takksam overfor konsernleiinga

For då den meir fleksible lønsstøtteordninga frå regjeringa kom på plass – berre nokre få dagar før julaftan – trekte Quality Hotel Ulstein tilbake alle permitteringsvarsla dei hadde sendt ut. I verste fall var det 25 tilsette ved hotellet som risikerte å bli permittert – men slik blei det altså ikkje.

– Sjølv om taket for månadskompensasjon frå staten blei auka frå 30.000 kroner til 40.000 – dekka den summen likevel berre 30 til 35 prosent av dei reelle kostnadane per tilsett. Men – Nordic Choice var villige til å ta tilbake alle tilsette – og dekte resten av kostnaden. Det kallar eg for ei fantastisk modig leiing. For kompetanse er svært viktig i denne bransjen, og den forsvinn raskt om ikkje det er jobb å få, seier Brynestad.

foto
Ny direktør: Den Ulsteinvik-busette stryningen Svein-Are Brynestad tok til i hotelldirektør-stillinga i starten av januar – men har alt byrja å setje sitt preg på drifta av Quality Hotel Ulstein. Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.

Ser lysare ut

Sjølv om belegget ikkje er heilt der ein skulle ønske enno – ser hotelldirektøren ei lysning i horisonten.

– Vi har langt fleire selde rom no enn vi hadde for berre kort tid sidan – og vi merkar at marknaden byrjar å vakne til live igjen. Heldigvis får vi også ta igjen ein del av det som ikkje blei i desember. For – i staden for å totalt kansellere det som har blitt bestilt – blir det flytta alt ifrå nokre månadar til eitt år fram i tid. Til dømes har vi alt fleire julebord booka til jula i år, som eigentleg skulle gått av stabelen i fjor, seier Svein-Are Brynestad, som er veldig takksam overfor kundane som har valt å vidareføre bestillingane sine – framfor å avbestille.

Gledeleg er det også at arrangørklubben Dimna IL og Norges Friidrettsforbund nyleg kunne fortelje at det blir innandørs friidretts-NM i Ulsteinhallen i starten av februar – ein type arrangement som blant anna gir hotellet belegg.

– Vi håper at det meste som er planlagt for året går som planlagt – men vi har samstundes is i magen og ser det an, seier Brynestad.

Lanserer ny meny

Gjengen på hotellet har nytta den stillare tida til å ta igjen ein del av det som ein elles ikkje har fått tid til. Blant anna har det blitt gjort ein del målearbeid, reinsing av teppe og stolar, vindaugevask – og mykje anna.

I tillegg fortel den nye hotelldirektøren, som også har lang røynsle frå restaurantbransjen – at ein har jobba fram ein flunkande ny seks-rettars meny til Pir Bar & Restaurant – med vinmeny til. Som kan tilpassast på mange vis. Svein-Are Brynestad er nemleg også utdanna sommelier – eller vinkelner.

Den nye menyen med vinpakke og alkoholfri drikkepakke blir å bestille frå og med førstkomande tysdag av, fortel han.

– Håpet er naturlegvis at det skal yre av liv igjen på hotellet – og vi har god tru på 2022, seier Brynestad til slutt.