Bebuarane i Storegjerdet har skrive eit brev stila til Ulstein kommune der det ber kommunestyret ta grep. Fleire gonger for dag ramlar det ballar frå ballbingen ved Øvre Storegjerdet ned i bustadfeltet.

Ikkje høgt nok gjerde

Ballbingen er utstyrt med ein tre meter høg netting rundt ytterkretsen. Men det er ikkje høgt nok.

Nordsida av ballbingen vender mot Øvre Storegjerdet, medan sørsida vender mot Storegjerdet, eit bustadområde som ligg 12 meter lenger nede.

Den totale høgdeforskjellen, målt frå toppen av nettingen til gata ved Storegjerdet er om lag 15 meter.

Bebuarane fortel at det ein typisk ettermiddag blir sparka fleire ballar over nettingen som fell ned i bustadområdet deira.

– Nok til hovudskade

I juni leikte ein 15 månader gamal gut med bestemora si på utegolvet utanfor leilegheita han bur i. Brått kom det ein ball susande og landa berre ein meter ifrå guten. Høgdeforskjellen frå nettingen på ballbingen og til dette utegolvet er på 8 meter.

Ifølgje ein lege i same nabolag er ein standard fotball som fell 8 meter og treff eit barn nok til å gje hovud- og nakkeskade. Ein fotball som fell 15 meter og treff små barn kan gje svært alvorlege skadar som alvorlege hovudskadar med hjernebløding og nakkeskadar som kan gje lammingar. Det kan vere potensielt livsfarleg.

I dei seks bustadene som ligg rett nedanfor ballbingen er det busett seks born under fire år.

Bør få tak over

Bebuarane har vore i kontakt med ein ballbingeleverandør som har blitt anbefalt dei av eit medlem av Norges Fotballforbund. Han presiserer at dette er ein binge dei ikkje har levert, og føreslår at det burde ha vore tak over.

Innbyggjarane i Storegjerdet ber difor om at ballbingen blir stengt til det er kome rett sikkerheitsinstallasjonar på plass.

Ringstad ikkje samd

Bård Ringstad er ikkje samd i at ballbingen bør stengast.

- Det er uheldig om ballen sprett over nettingen og treff borna deira, men bingen bør ikkje stengast, meiner Bård Ringstad som har vore med å setje opp ballbingen og er med på å vedlikehalde han.

Han fortel at ballbingen vart bygt på dugnad og opna i 2004 av dåverande ordførar Hannelore Måseide. Dei var ein gjeng som såg samfunnsverdien i at born og unge kunne få samlast og leike i ein ballbinge. Dit kjem ungar frå Øvste Storegjerdet, Onglasætra og Bugarden.

Ballbingen har aldri vore noko problem før dei nye bustadene i Storegjerdet vart bygt, og der flytta inn folk i fjor og i år.

- Heller dugnad

I staden for å be kommunen stenge ballbingen, meiner han dei nytilflytta burde ha kalla inn til dugnad og starta pengeinnsamling for å få på plass eit ekstra nett for å hindre at det fyk ballar ned i bustadområdet deira.

Han rettar også ein spark til Total-Bygg som har ført opp bustadene og til kommunen som har godkjend at det får flytte inn folk i husa utan å gjere noko med problematikken rundt ballbingen. Her meiner han dei bør klare å bli samde.