Dette har skjedd gjennom tiltaka som Furene AS utfører i tett samarbeid med NAV. Auken i talet på personar som har kome seg ut i arbeid eller utdanning gjennom verksemda er stor, berre mellom 2016 og 2017, fortel Furene gjennom ei pressemelding.

– Det er ein kraftig oppgang frå 124 i 2016 til 191 i 2017 – og dette trass i at også 2017 var eit tøft år for næringslivet på Søre Sunnmøre. Dette er eit tydeleg bevis på at arbeidsmarknadstiltaka verkar for mange, seier administrerande direktør Eldor Skeide.

Skeide og Furene AS fortel gjennom pressemeldinga at det i løpet av 2017 var kring 800 personar innom dei, eit tal som utgjer så mykje som 1,7 prosent av innbyggjarane i vår region.

Avgjerande med samarbeid

Furene AS fortel vidare at samarbeidet med næringslivet i regionen har vore avgjerande.

– Ein vesentleg grunn til det gode resultatet er eit systematisk og tett samarbeid med næringslivet. Deira engasjement og velvilje er heilt avgjerande for å oppnå desse gode resultata. Bedriftene på si side opplever oss som ein profesjonell samarbeidspartnar, som er på ballen heile tida med tett, god og løysingsorientert oppfølging. Dette gjer det enklare for verksemdene å seie ja både til avklaringar, arbeidsutprøving og fast arbeid, skriv Furene i meldinga.

– Med utgangspunkt i ønskja og krava til personen verksemdene søkjer, kan vi med stor treffsikkerheit presentere aktuelle kandidatar til jobben. Fordi vi kjenner personane som er i tiltak svært godt, gir dette oss eit unikt utgangspunkt for å finne gode jobbmatchar, seier Olav Stokke, marknadskoordinator og såkalla «Ringer i Vannet»-kontakt.

«Ringer i Vannet» er eit samarbeidsprosjekt i regi av NHO, der ein har etablert faste avtalar med bedrifter som tek kontakt med Furene når dei har behov for arbeidskraft.

Veit kva arbeidslivet treng

– Vi losar kandidatane gjennom ei individuell oppfølging. Samstundes sit vi med kompetanse om kva stillingar arbeidslivet har behov for lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Kirsti Gaudestad, avdelingsleiar for jobbkonsulentane.