– Det er faktisk heilt fantastisk!

Det seier Ann-Ingvill Tødenes som er sjukepleiar på Alvehaugen. Ho fortel at dei fem tv-ane er tatt i bruk på korttidsavdelinga på sjukeheimen. Ho forklarar at ikkje alle som bur der har behov for å vere så mykje på fellesarealet og at det difor er svært kjekt at ein no har fått nye tvar på romma.

– Kvart år gir vi ein sum pengar til eit velgjerande formål. Det kan vere internasjonalt, nasjonalt eller lokalt. I fjor valte vi å gje alt til eit lokalt formål og det blei her, fortel Ann Skotheim i Inner Wheel.

Ho legg til at Inner Wheel har nokre prosjekt som blir jobba med sentralt, til dømes narkotikahundar, som organisasjonen har gitt til kvart år. Totalt har det blitt utdanna 16 slike hundar med støtte frå organisasjonen, som også bidreg til humanitære prosjekt i Afrika. Mellom anna delte organisasjonen i fjor ut om lag 260.000 kroner til Safe Motherhood.

- Det må ein vere fornøgd med

No er det bebuarane ved sjukeheimen i Ulsteinvik som får glede av arbeidet til den lokale Inner Wheel-klubben.

Ein av dei som set stor pris på gåva frå Inner Wheel er John Vågeskar. Han bur for tida på korttidsavdelinga på Alvehaugen.

– Ja, det må ein vere fornøgd med, seier Vågeskar.

foto
Ny tv på rommet: John Vågeskar er godt fornøgd med å ha fått splitter nytt tv på rommet på korttidsavdelinga på sjukeheimen. Her flankert av Ann Skotheim og Synnøve Overvåg. Foto: Andreas Bjerknes.

Inner Wheel er ein av verdas største kvinneorganisasjonar og har hatt klubb i Ulsteinvik sidan 1994. Dei møtast ein gong i månaden.

I Norge har organisasjonen fire ulike distrikt, med om lag 50 klubbar og over 1000 medlemmer. Ulstein Inner Wheel er medlemmar av Distrikt 27, med ni klubbar.

I tillegg til gåva frå Inner Wheel har også Saniteten bidrege og betalt for oppheng for dei fem tv-ane Inner Wheel har sponsa, i tillegg til ein sjette tv.