Mannskap frå Hareid brannstasjon var tysdag kveld ute etter ei melding om brann i ein stolpe ved fylkesvegen i området mellom Rise og Bigset.

Der viste det seg at det ikkje var snakk om brann, men i staden ei brent sikring i ei høgspentmast. Ifølgje 110-sentralen på Twitter tok Mørenett over på staden og ordna opp.