(Møre-Nytt): Det vedtok fylkestinget einstemmig tysdag.

Det betyr mellom anna at det vert ei takstsone på store deler av Søre Sunnmøre, med pris 44 kroner for ein vaksenbillett.

I dag har Møre og Romsdal ein avstandsbasert sonestruktur med seks-kilometers soner.

– Dette er krevjande å administrere, og gjer mellom anna at FRAM må tilby langt fleire typar billettar enn fylker med færre soner. For kundane kan det vere vanskeleg å orientere seg om takstreglar, soner og billettprodukt, skriv Møre og Romsdal fylkekommune i ei pressemelding.

Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget frå ein rapport frå Møreforsking, tilrådde fylkeskommunedirektøren å redusere talet på soner frå over 500 til sju, og innføre ein prismodell som har ein grunnpris for éi sone og eit påslag for dei neste sonene den reisande er innom.

Sonestrukturen skal innførast så snart det er teknisk mogleg (seinast andre halvår 2024), og den skal følgje kommunestrukturen per 2023.

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.