Ulstein kommune skriv på sin nettstad at dei skal etablere frisklivssentral på Alvehaugen i Ulsteinvik. Dei søkjer no dagleg leiar til det nye tiltaket.

Frisklivssentralen skal gi hjelp til folk som har behov for å endre helseatferd når det gjeld fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.

Ein kan verte henvist til Frisklivssentralen av helsepersonell eller ta kontakt sjølv. Ein treng ikkje vere sjuk eller ha ein diagnose.