Ulstein kommune får 3,65 millionar kroner til gang- og sykkelvegar. Og første prioritet er å få på plass ein gangveg frå Kleven til Hasund skule, for å betre tryggleiken til skuleborna.

Reguleringane er på plass, no som pengane er på plass er det berre å setje igang, seier ordførar Knut Erik Engh (Frp). Han var ein tur på Stortinget i går, og fekk då signal om at noko gledeleg var på gang, utan at han fekk vite kva.

Det er gjennom budsjettforliket at det har kome på plass 122 millionar kroner som staten vil fordele til gang- og sykkelvegar rundt omkring i kommunane. Difor var det representantar frå regjeringspartia og støttepartia til regjeringa som møtte lokalavisa for å fortelje dei store nyheitene. I tillegg til Engh var Tor Meinseth (Høgre), Steinar Torvik (Kristeleg Folkeparti) og Pål Grødahl (Venstre) der.

Øvst i saka kan du sjå reaksjonen til elevrådet ved Hasund skule då ordføraren overrekte den store nyheita. Meir om saka kan du lese i papiravisa laurdag 11. februar.