Seremonimeister Johan Ole Brandal sa i sin tale at Brandal si «Grand Old Lady» er ein svært verdig mottakar.

– Prisen vert berre delt ut til personar som har utmerka seg med samfunnsnyttig arbeid gjennom lang tid, sa Brandal.

Frå Telemark

I talen fortalde han at Else Alvilde Stiansdotter Rennesund vaks opp i Kilebygda i Telemark. Ho gifta seg med Peter Karlsen og flytta til heimbygda hans, Brandal.

– Du har opplevd mykje i livet ditt Else, frå oppveksten på eit gardsbruk på Søraustlandet, med fokus på skog og hestehald, til skulegang i Oslo, med forelsking og flytting til vesle Brandal, vendt mot havet og med inntektsgrunnlag frå fiske, fangst og Arktiske ekspedisjonar.

Johan Ole Brandal vaks opp i Brandal på 50- og 60-talet, og i talen tok han også fram at Else Karlsen var ei av få kvinner som vart titulert som Fru i bygda.

– Du var ung, feiande flott og kvikk, med klingane Austlandsdialekt. Du var ikkje lik mødrene våre i det heile, så vi var litt ærbødige, sa han.

Engasjert

Karlsen engasjerte seg etter kvart i kommunepolitikken i Hareid. Men då ho var 43 år, fekk ektemannen hjerneslag.

– Han var direktør i Martin Karlsen AS og mykje av arbeidet der fall på deg. Peter levde i sju år og du pleia han natt og dag, sa Brandal.

Seinare tok ho del i drifta av Martin Karlsen AS, ikkje berre med kontorarbeid men også i sjølve produksjonen.

– Redd for arbeid har du aldri vore, Else, og arbeid og arbeidsglede har vorte varemerket ditt. Du kjempa hardt for å halde liv i Polarstar, spesielt etter at tida som sysselmannsskute på Svalbard var over. Du var med i selfangstrådet i mange år, då det storma som verst, og då selfangsten var i fritt fall, etter skuldingar om barbari og dyremishandling. Du var ofte åleine på møta herifrå, men du var sterk og sterkare enn dei fleste, sa Brandal i talen sin.

I 1998 var det slutt for Polarstar som fangstskute. Men i fjor sommar kom båten nyoppussa heim til Brandal.

– Du er alltid blid og imøtekomande, i ditt nittiande år. Dette står det stor respekt av!, avslutta seremonimeisteren.