Førre helg var det skogdag på Bjåstad. Kurshaldar Jostein Dalen frå Skogkurs underviste dei 20 frammøtte deltakarane i sikker bruk av motorsag, felling, kvisting og utrekning av volum i skogen. Men det var ein drone som stal showet til slutt.

Med ein drone på storleik med ein mjølkekartong kan skogeigarane på Søre Sunnmøre no få oversikt over eigen skog frå fugleperspektiv. Foto: Kristian Fuglseth

Skogbruksleiar Asbjørn Kvam Karbø frå Allskog demonstrerte den nyaste teknologien innan skogbruk. Med ein drone som svevde høgt over tretoppane, kunne dei samle inn data som tidlegare tok ein heil dag å måle – no gjort på berre ein halvtime.

Denne grana var planta i 1955 og har vorte 27 meter. Den har ei akseptabel menge kvist og vil gi to lenger med god sagtømmer på 5,20 m, ei lengd med lågare kvalitet på 4,20 m til massevirke, til dømes sponplateproduksjon, og så vil resten truleg gå til flis, energiproduksjon eller liknande. Foto: Kristian Fuglseth

Effektivisering med flygande hjelparar

På programmet stod det demonstrasjon av sikker bruk av motorsag ved kurshaldar Jostein Dalen, der han gjekk gjennom felling, kvisting, kapping og utrekning av salsverdi av felt gran. Men det var drona som stal showet. Med presisjon og effektivitet målte den ståande granskog for å estimere verdi per dekar og årleg tilvekst. Deltakarane fekk også lære om den fornuftige alderen for hogst.

Leiar i Søre Sunnmøre skogeigarlag, Håkon Eliassen nyttar ein tabell for å rekne verdien av grana. Kursdeltakar Jan Per Bigset fyl med når Eliassen annonserer at grana er verdt 750 kroner dersom den vart levert for dagens prisar. Foto: Kristian Fuglseth
Skogen på Bjåstad er ein sørvendt vestlandsskog som vekst godt. Plantene frå 1955 og 1956 har i dag vorte frå 26 meter og opp i 29 meter høge. Kurshaldar Jostein Dalen synte deltakarane kjerneboring i grana for å fastslå alderen. Deretter lærte han deltakarane måling av høgde, samt telling av kor mange gran ein har per dekar med nok volum til uttak. Ny kunnskap om tilvekst viser likevel at det ofte løner seg å la skogen stå nokre år til. Foto: Kristian Fuglseth
Kurshaldar Jostein Dalen i Skogkurs er opphavleg frå indre Hattfjelldal og har halde til i skogen nær sagt heile yrkeslivet sitt. Men der er knoppskyting. I Hareid har fleire unge skoginteresserte etablert eiga verksemd med rydding og trefelling til ved og til virke. T.h. står Håkon Grimstad Kirkebø saman med Sondre Østrem og Per Nytun Moldskred som har starta eiga verksemd for felling og rydding av skog til veg og virke. Foto: Kristian Fuglseth

Tradisjon møter innovasjon

Trass i den teknologiske framgangen, var det også rom for dei grunnleggande metodane og den tradisjonelle kunnskapen. Dagen blei avslutta med servering av bålkaffi med noko attåt, der deltakarane kunne diskutere dagens lærdom og nettverke under meir uformelle kår.

Sjølv om dagen på Bjåstad viste ein klar retning for framtida av skogbruket; ein kombinasjon av tradisjonell kunnskap og moderne teknologi, ligg hogsten her nokre år unna. Jostein Dalen konkluderte med at der er ein tilvekst på rundt to kubikkmeter per dekar i nokre år til.

Det høgoppløyselege bileta registrerer tre som har skade, misfarging og mogleg sopp, rote, innblanding av andre artar, og så bortetter. – Vi kan følgje med med skjermen visst den er på, men det mest effektive er å køyre den på automatikk. Då lettar og landar ho sjølv, samt flyg mest mogleg effektivt både for å dekkje området og å halda batteriet. Foto: Kristian Fuglseth