Politiet melder på twitter at ein liten raud personbil har kome delvis over i motgåande køyreretning og truffe ein lastebil. Dette har skjedd i Haddal. No etterlyser dei vitne til hendinga.

Trygve Ødegård i politiet opplyser til Vikebladet Vestposten at den raude bilen berre stakk frå hendinga etter han køyrde inn i lastebilen. Det vart ein side-mot-side-samanstøyt. Sjåføren kan ikkje ha unngått å leggje merke til smellen, meiner Ødegård.

Om nokon var vitne til samanstøyten på riksvegen i Haddal, eller ser ein liten raud personbil som er skadd på eine sida, ber han dei ta kontakt med politiet.